God Jul
Me har hatt ein fin dag i Rindabotn, for første gong har me hatt ope på julafta. 65 personar tykte det var ein god ide og la at knappe 10 000 i omsetning :)
Dette året har for oss handla mykje om økonomi. Me har lagt bak oss to år med store raude tal, og det kunne ikkje halde fram slik. 2017 ser mykje betre ut! Me har teke på oss nye oppgåver og utarbeida nye planar som skal gje oss ei betre plattform for å kunne drifte eit skisenter med vekstambisjonar vidare.
Parkering, langrennsløyper, fjelløyper og brøyting er områder me ser at me må utvikle vidare slik at også desse områda kan gi positive bidrag til vidareutvikling av senteret.
Me ynskjer å kunne tilby dei beste langrennsløypene i fylket. Med oss på laget har me idretten som i fjor bidrog med 300 000,- til innkjøp av brukt trakkemaskin. Pengane kom gjennom øyremerkte midlar til løypekjøring gjennom tippemiddelordninga. Maskina kosta 1,5 mill.
Me tilbyr no preparerte langrennsløyper i Hodlekve kvar einaste dag gjennom vintersesongen. Dette er sjølvsagt eit ledd i at me vil vere attraktive for eksisterande og komande hytteeigarar, men like viktig er det å tilby dette til idretten og til lokalbefolkninga i regionen.
Me vonar at brukarane våre vil sette pris på langrennsløypene i Hodlekve og kanskje gi eit bidrag til at me kan halde fram med å kunne tilby dei beste langrennsløypene i fylket.
Fjelløypene er og viktige for heilskapen i Hodlekve. Me ynskjer å strekke oss langt for å kunne halde løypene til Høgehaug opne gjennom vinteren. Send oss gjerne ein venleg tanke på turen opp, kvar tur med trakkemaskina tek over ein time ;)
Langrennsfolket er satsingsområdet no i vinter. Gapahukane i langrennsløypene er på plass, og Vipps-kampanjane er i starten.
Over nyttår står det nye barnetrekket klart, det vert spanande. Til neste sesong er Dalalaoen der ogso….
So får me vona på ei flott jule- og nyttårs helg for dykk alle.
God jul frå alle oss i Hodlekve!