Gapahuk og smørebu ved langrennsløypa
Me håpar å gjera turen i langrennsløypa litt meir spennande for dei yngste og får laga ein gapahuk som skal stå i første del av langrennsløypa! Her vil det bli mogleg å ta fram nistepakken og/eller ta seg ein pust i bakken. Godt samarbeid med Sogndal vidaregåande skule som byggjer gapahuken for oss (sjå bilde).
I tillegg vert det ei smørebu med plass til minst 2 personar som kan smørje samstundes. Bua får tak og vegger som gir ly for vind og nedbør.
Også her er det Sogndal vgs som bidreg med bygging (så bilde).