Første medlem i trakkemaskinlauget er på plass !
Vår marknadskonsulent Svein Olav Haugen har i dag gjort avtale med Skadesenteret Sogn om å vere med i trakkemaskin lauget.
I Hodlekve har me 3 trakkemaskiner. 2 maskiner til alpinbakkane og ei maskin til langrenn og fjelløyper. Dette er kostbare maskiner som me sjølvsagt er heilt avhengige av. Berre prepareringskostnadane knytt til langrenn og fjelløyper er kvart år på godt over ein halv million kroner. Skal me klare å halde maskinparken driftssikker må me og skifte ut maskiner med jamne mellomrom.
I Norge skal me vere glade for at me har allemannsretten. Den sikrar mellom anna at alle kan gå i langrennsløypene utan å betale løypeavgift. Me har likevel innført ei frivillig løypeavgift for privatpersonar med von om at me kan få dekka inn noko av kostnadane. Tusen takk til dei som bidrog i førre sesong ! Me fikk inn 35 000,- Me har mål om å doble denne summen til neste sesong! I tillegg får me kr 150 000,- frå Sogndal kommune i løype bidrag.
Det nye i år er at me har laga Trakkemaskinlauget. Dette er for firma eller privatpersonar som ynskjer å bidra mot at dei får navnet sitt opp på oppslag i Dalalåven samt på trakkemaskinene. I tillegg legg me inn i pakken at ein får vere med ein tur med maskina til Høgehaug når den likevel skal skal kjøre. Prisen for å vere med i lauget er kr. 10 000,- Er dette noko for deg kan du ta kontakt med Svein Olav Haugen på soh@hodlekve.no