For ein fantastisk dag!
Mykje folk men ein finn endå mykje uspora i skogane;)
Mykje smilande folk å sjå over alt, både på bortoverski og nedoverski.
I morgon går første laussnøbussen frå Selseng kl. 11.00 Men blir det som i dag så bryt me dei faste rutetidene, og det blir shuttla kontinuerleg, for hyppigare frekvens. Følg med på facebook for oppdatert info.
Fjelløypa til Høgehaug er perfekt.
Langrennsløypene er preppa og klare til kl. 10.00
På foto: Sondre Setrom gjer skogsarbeidet i ettermiddag.