Eit steg opp for Saltdalshytta og Nordbohus

Nordbohus Sogn og Saltdalshytta knyter tettare band og satsar i Sogn. 


Nordbohus vart ved årsskiftet ein del av Mestergruppa og fekk då tilgang til hyttekonseptet til Saltdalshytta.

– I den samanheng gjorde me valet om å bli forhandlar av Saltdalshytta. Med forhandlarstatus i kommunane Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Vang. Eit stort steg for oss inn i hyttemarknaden, fortel Dag Loftesnes, dagleg leiar hjå Nordbohus Sogn as. 

Breiare sortiment

Saltalshytta gjev Nordbohus større musklar innan hyttemarknaden, noko som gjev hyttebyggjarar eit endå breiare sortiment å velja i seierLoftesnes fortset:

– Saltdalshytta har eit godt innarbeidd og ferdig oppsett. Konseptet er velutvikla. Førsteinntrykket ser ein allereie på ei god nettside og flott katalog, der hyttedraumen ofte startar. Hyttekjøparar i Sogn får moglegheita til å kjøpe Saltdalshytta ferdig oppsett med lokale underleverandørar, og med Nordbohus sine eigne tømrarar, så dette blir både moro og spennande for vår del framover.

Positivt

Marknadsansvarleg i Sogndal Skisenter Drift, Svein Olav Haugen, trekk også fram positive synergiar opp mot utbygginga som føregår i og i kring Sogndal Skisenter Hodlekve. I følgje Haugen er det eit pluss for hytte- og tomtekjøparar med endå ein aktør på bana. Ein aukar omfanget i sortimentet for framtidige hyttebyggjarar . Noko som er med på å auke attraktiviteten totalt sett. 

– Dette er flott og spennande. Veldig positivt for utviklinga av destinasjonen Hodlekve at me har lokale leverandørar som støttar oss i arbeidet. Dette er eit lagspel der alle involverte partar bidreg med sitt, legg Haugen til.

Ein ivrig dagleg leiar Per Odd Grevsnes, før han fekk på seg sykkelhjelmen som låg at i bilen. No er det snøfritt i sykkelløypa, velkomen til gards.


Sykkelpark

Nordbohus har vore med sidan starten på sykkelparken i Rindabotn, i samband med Saltdalshytta sin inntreden oppgraderer Nordbohus samarbeidet med skisenteret. Nordbohus vert saman med Saltdalshytta ein av skisenteret sine hovudsamarbeidspartnarar. Sykkelparken har i den samanhengen skifta navn til Saltdalshytta Sykkelpark. 

Snøen har no reist i Rindabotn. Sykkelparken er rydda og endeleg opna. Dei første entusiastane har allereie hatt sine runder. 

Velt møtt til Saltdalshytta Sykkelpark og Sogndal Hodlekve i sommar! 



Forrige
Forrige

3 fantastiske familieturar

Neste
Neste

Sommar i Sogndalsdalen