Dugnad i Holentrekket
Etter ei lita runde med tekstmeldingar møtte det 16 stk med snøskuffer klare til dugnad i Holentrekket den 30.12.2020
Etter ei lang økt med mykje morro og litt svetting fikk me flytta ein god del snø inn i trekk-traseen. I natt vert det jobba vidare med kunstsnø og trakkemaskin.
Når dagslyset kjem på vil me gjere vidare vurderingar seier dagleg leiar Per Odd Grevsnes. Han ynskjer og å rette ei stor takk til dugnadsgjengen som stilte opp på kort varsel.
I beste fall vil Holentrekket vere i drift på nyttårsafta !