Digdir rekrutterer!

På Leikanger, midt i nye Sogndal kommune og det vestnorske fjell- og fjord-landskapet har Digitaliseringsdirektoratet ei stor utviklings- og driftsavdeling. - Hos oss skjer det alltid noko spennande, og no treng vi fleire dyktige fagfolk – gjerne dei som torer å utfordre og tenke nye tankar, seier Jørn Stenehjem i Digdir.

Klar for nye utfordringar?

Digdir har ledige jobbar

Digdir sponsar skisenteret og Fjellsportfestivalen også denne vinteren. Det er ikkje utan grunn: Direktoratet siktar seg inn mot engasjerte og fagleg sterke kandidatar som er teknologiinteresserte, tek ansvar og er open for å tenke, arbeide og samhandle på nye måtar.

Det er mange hos oss i Digdir som set stor pris på komboen med interessant jobb og kort veg til flotte naturopplevingar langs fjord og fjell, seier seksjonssjef Jørn Stenehjem

- Kva er mest attraktivt med å jobbe i Digdir? 

-  Spennande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø! Våre folk jobbar med mange utviklingsprosjekt både på nasjonalt og internasjonalt plan, seier seksjonssjef Jørn Stenehjem.  

Digdir i Leikanger har i dag 120 tilsette, i tillegg er det tilsvarende store avdelingar i Oslo og Brønnøysund som Leikanger-miljøet samarbeider tett med. Jørn leier 28 utviklarar og eit fagmiljø som er fremst i Europa på enkelte område. 

- Det handlar om å utvikle løysingar som skal gjere kvardagen enklare for deg og meg. Eit eksempel er elektronisk ID som blir stadig meir viktig og er eit felt i rivande utvikling. Dei siste to åra har vi levert fleire løysingar som har vore sentrale for handteringa av pandemien, seier Jørn.  

Digdir leverer fleire samfunnskritiske komponentar, og desse må vidareutviklast parallelt med at bruken aukar kraftig. I dette bildet er det viktig å vere open, ta i bruk ny teknologi og samtidig forstå både risiko og muglegheiter. 

- Kva bidreg de med for å stoppe klimaendringane? 

- Vi lagar digitale løysingar som reduserer papirbruk, unødvendig reiseaktivitet og enkelt sagt gjer livet enklare for innbyggarar og samfunnsliv. Dessutan bidreg vi til eit opent samfunn og ei betre forvalting gjennom å levere gode løysingar som gir innsyn i kva det offentlege arbeider med. 

- Så til tider kokar det i Digdir? 

Stort sett heile tida, men det er viktig at det ikkje kokar over. Det gjer det heldigvis svært sjeldan, forsikrar Jørn. 

- I kva situasjonar vil du og dine folk seie det er topp å jobbe i Digdir? 

- Når vi får jobbe fram og lansere viktige løysingar for samfunnet. Når det kjem ein kommentar frå ein kollega om at «dette vart bra, du»! Når vi sit i kantina, med utsikt mot fjorden og planlegg ein topptur.  

 Sjå ledige stillingar

Forrige
Forrige

Skredkveld på Quality Sogndal Hotell i kveld !

Neste
Neste

Vil du heller handle i kassa ?