Det snør i Hodlekve.
Etter ein noko uvanleg november og desember med barfrost og lite snø, er det no værskifte på gang! Barfrosten har gjort at elvane har tørka inn, dermed har me ikkje fått brukt snøkanona vår til å legge snø i den nederste delen av Rindabotn, slik som me har gjort dei to siste åra.
Men no ser det altså ut til at me får snø, og med gler oss til opning. Driftsleiaren er utolmodig og har i dag kjørt trakkemaskina opp i grøneløypa i Rindabotn, for å slå lufta ut av snøen. Likeiens har me kjørt skuter gjennom 5 kilometeren. Me må framleis ha meir snø og gjerne litt fuktig snø slik at me får laga ein såle.
Me lovar å halde dykk godt oppdaterete framover.