Birgit var først ute !
Det første sesongkortet vart i år kjøpt av Birgit Katrine Rustad. Tidleg om morgonen den 1. oktober, logga ho på Sogndalskisenter.no og kjøpte seg eit sesongkort ! I oktober er det kampaneprisar på sesongkort, og dermed er det nokre kroner å spare på å vere tidleg ute.
Birgit bur i Sogndal og er ein ivrig brukar av fjella og naturen i regionen. Ho er utdanna geolog og kom til Sogn og Fjordane frå Tromsø for å jobbe i NVE med VARSOM.no i 2011. Ho kom først til Førde, der NVE har kontor, men etterkvart trakk fjella og miljøet henne til Sogndal. Der ho fikk kontorplass på Campus. Ho er ei av dei som kan mykje om snø og snøskredfare i regionen. Ho har og vore med i Skredgruppa i Sogn og Fjordane Rødekors sidan oppstarten 2015. No jobbar ho i Asplan Viak og har kontor på Leikanger.
Om ikkje lenge ventar Birgit og familien barn nr 2. Dermed skal ho ut i permisjon denne vinteren. Ho veit at Dalalåven er ein møteplass for aktive barsel familier, og at me har gode fasiliteter å tilby!
Me ynskjer Birgit og alle likesinna hjarteleg velkomne til vinteren i Hodlekve!
Har du foresten huska å kjøpe årskort parkering ?