Aktivitetar kvar helg
Kvar einaste vinterhelg komande sesong vert aktivitetshelg i og rundt skisenteret vårt. Safari-helgar, familiedagar, Fjellsportfestivalen, fest i Dalalåven, grilling ute i det fri, vaffelhelg, basar, visekveldar, afterski og mykje, mykje meir.
Fleire av aktivietshelgane er det våre gode sponsorar og samarbeidspartnerar som stiller opp med show og moro i skisenteret, mange av dei retta mot dei minste, men også aktivietar som høver for heile familien. Det er berre å følgja med her på heimesida vår, eller følgja oss på sosiale medier, så vil du verta informert i god tid.
Det er viktig for oss at du og dine har gode opplevingar i skisenteret vårt. Difor prøver me så godt me kan å syta for at nye generasjonar skal læra seg å stå på ski og brett, på ein kjekk og inspirerande måte. I Toyota barnetrekket vårt vil det alltid vera tilrettelagt for dei minste, og for deg som er ny i bakken.
Manglar du utstyr, er Intersport Sogndal på plass frå tidleg til seint med skiutleige og butikk. Her får du gode tips og råd frå ekspertar, og hjelp til å finna utstyret som passar akkurat for deg.
Og hugs: Sjølv om me har verdas beste snø, kan det av og til vera greitt med ein liten pause og noko godt å bita i. I Dalalåven er det varme, hjarterom og noko godt å bita i. Velkomen!