31 postar ventar på deg!
Postjakt, turorientering vinter opnar i Sogndal Skisenter på laurdag 29. januar. Du finn turane og postane på turorientering-appen.
- Dette har eg hatt som ein draum lenge, seier hovudmannen bak prosjekt, Christian Frøyd. Han er leiar i orienteringskrinsen og har sjølv teikna karta.
- Målet er å få god og spanande aktivitet i naturen rundt Hodlekve, som både familiar med små born og dei sprekast kan nytte seg av. Postane er difor spreidd rundt Dalalåven, i alpinløypene, langrennsløypene, fjelløypene og i høgfjellet. Her kan deltakarane oppleve nye stadar i vårt nære fjellområde som dei ikkje har vert på før.
**
Kartet, turane og postane finn du i toroientering-appen på Google Play eller App Store. Du kan også få kjøpt kart på papir i Dalalåven. Turane er delt inn i grøn, blå, raud og svart. Dei grøne og blåe turane er gratis, medan dei to vanskelegast kostar kroner 20 per tur per person. Du registrerer turane i digtalt og vert premiert ein gong kvar 14. dag i Dalalåven. I månadsskiftet april/mai vert det ei hovudpremiering.
Postjakt Hodlekve, tur-orientering, er eit samarbeid mellom O-gruppa i Sogndal Idrettslag og Sogndal Skisenter Hodlekve.
God tur.