God påske
Me ynskjer alle ei fredfull, triveleg og trygg påske!
Hugs dei 10 fjellvettreglane og ta aldri sjansar i fjellet. Ein periode med sol, snø og variabelt ver gjer det vanskeleg å vurdere skredfaren.
Det blir tur til Høgehaug og Fjærlandssete for dei som vil gå litt lengre. Det vert gudsteneste og grilling på Langfredag i regi av Røde Kors. Påskeafta blir det leiting etter påskeegg i barnebakken og påskerenn for heile familien.
Velkommen til påskeferie i Sogndal Skisenter, mykje snø og mykje moro!