10 cm med nysnø og minus 2 grader kl 0800
Me skriv søndag den 5. Januar og me er klare for ein ny dag. Det snøar tett, sålangt har det kome ca 10 cm sidan i går. Me har ope i Holentrekket og Toyotatrekket i Rindabotn, samt Kalvavatnitrekket. Langrennsløypene blir kjørt no kl 080. Dette blir ein bra dag for oss som likar oss i villsnøen !