Lune dagar i Sogndalsdalen
Sogndal Skisenter Hodlekve er blitt mykje meir enn berre eit skisenter.
Hodlekve utpeikar seg som den nye favorittdestinasjonen.
Hodlekve er det naturleg geografiske midtpunktet i hjartet av fjordnorge og i Sogn.
– Sykkel. I Rindabotn finn ein ei kilometer-lang lågterskel sykkelløype. Den er blitt superpopulær blant dei minste. Ein arena for læring og meistring i trygge omgjevnader.
– Dalalåven er open i perioden 20. juni til 15. august. Fjellkaféen vil utanom serveringsdrifta også leige ut terrengsyklar, pumptracksyklar og el-syklar, i samarbeid med Intersport Sogndal.
– Fjellturar. Hodlekve er eit glimrande utgangspunkt for turar i fagre fjell og vakker natur. Rett utanfor hyttedøra finn ein tilrettelagde stiar gjennom bjørkelier til høgfjellet.
– Ferskvassfiske i Sogndalsdalen. Kilosfisken ventar på deg!
Les meir om fiske her
Heilårsdestinasjon.
Den flotte hyttegrenda vår veks seg større år for år. Der bur der kvalitetsbeviste folk som har sett kvalitetane som er her. Fjellturar, stisykling, fiske og romslige flotte hytter og leiligheiter, er berre noko.
Fleire av desse hyttene og leilegheitene er det skisenteret som formidlar utleige på.
– Geografisk midtpunkt i sogn.
Det er kort veg til alle store attraksjonar, alle når ein fint som en roleg dagstur, gjerne at ein kan gjera fleire på ein dag.
Rundturar er blitt populære. Ein når over mykje på eit par-tre dagar i Hodlekve.